1 På den tid skal Mikael stå fram,den store fyrstensom står saman med dine landsmenn.Det skal koma ei trengselstidsom det ikkje har vore maken tilfrå folkeslag vart tilog heilt til den tida.Men på den tid skal folket ditt bli berga,alle som er oppskrivne i boka.
2 Mange av dei som søv i molda,skal vakna opp,somme til evig liv,andre til spott og evig avsky.
3 Dei kloke skal skinasom himmelkvelven skin,og dei som har ført dei mange til rettferd,skal skina som stjernene til evig tid.
4 Men du, Daniel, må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida. Mange skal streifa omkring, og kunnskapen skal auka.
5 Eg, Daniel, såg, og sjå! – to andre stod der, ein på den eine sida av elva og ein på den andre sida av elva.