2 Mange av dei som søv i molda,skal vakna opp,somme til evig liv,andre til spott og evig avsky.
3 Dei kloke skal skinasom himmelkvelven skin,og dei som har ført dei mange til rettferd,skal skina som stjernene til evig tid.
4 Men du, Daniel, må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida. Mange skal streifa omkring, og kunnskapen skal auka.
5 Eg, Daniel, såg, og sjå! – to andre stod der, ein på den eine sida av elva og ein på den andre sida av elva.
6 Ein av dei spurde mannen som var kledd i lin, og som var over vatnet i elva: «Kor lenge skal det vara før alt dette underfulle får sin ende?»
7 Mannen som var kledd i lin, og som var over vatnet i elva, lyfte høgre og venstre hand mot himmelen, og eg høyrde at han svor ved Han som lever evig: «Éi tid og tider og ei halv tid. Når makta til det heilage folket er heilt knust, skal alt dette ta slutt.»
8 Eg høyrde det, men skjøna det ikkje og spurde: «Herre, kva er slutten på dette?»