16 Daniel gjekk då inn og bad kongen gje han ein frist, så skulle han seia han tydinga.
17 Så gjekk Daniel heim og gjorde saka kjend for venene Hananja, Misjael og Asarja.
18 Dei skulle be Gud i himmelen visa miskunn og openberra dette mysteriet, så Daniel og venene hans ikkje skulle gå til grunne saman med resten av vismennene i Babel.
19 Då vart mysteriet openberra for Daniel i eit syn om natta. Og Daniel velsigna Gud i himmelen.
20 Han tok til orde og sa:Velsigna er Guds namnfrå æve og til æve!For visdomen og styrken er hans.
21 Han lèt år og tider skifta,set kongar av og set kongar inn.Han gjev dei vise visdomog dei vituge vit.
22 Han openberrar det djupe og det skjulte.Han veit kva som er i mørkret,og hos han bur lyset.