19 Då vart mysteriet openberra for Daniel i eit syn om natta. Og Daniel velsigna Gud i himmelen.
20 Han tok til orde og sa:Velsigna er Guds namnfrå æve og til æve!For visdomen og styrken er hans.
21 Han lèt år og tider skifta,set kongar av og set kongar inn.Han gjev dei vise visdomog dei vituge vit.
22 Han openberrar det djupe og det skjulte.Han veit kva som er i mørkret,og hos han bur lyset.
23 Deg, mine fedrars Gud,takkar og prisar eg,for du har gjeve meg visdom og styrke.No har du gjort kjent for meg det vi bad om,det kongen vil vita, har du gjort kjent for oss.
24 Så gjekk Daniel til Arjok, som kongen hadde gjeve påbod om å gjera ende på vismennene i Babel. Han sa til han: «Gjer ikkje ende på vismennene i Babel! Før meg fram for kongen, så skal eg seia kongen tydinga.»
25 Då skunda Arjok seg og førte Daniel fram for kongen og sa til han: «Mellom dei jødane som er her i eksil, har eg funne ein mann som kan seia kongen tydinga.»