25 Då skunda Arjok seg og førte Daniel fram for kongen og sa til han: «Mellom dei jødane som er her i eksil, har eg funne ein mann som kan seia kongen tydinga.»
26 Kongen tok til orde og spurde Daniel, som hadde fått namnet Beltsasar: «Kan du fortelja meg både draumen eg har sett, og tydinga?»
27 Daniel tok til orde og svara kongen: «Mysteriet som kongen spør om, kan ingen vismann eller åndemanar, draumetydar eller teikntydar gjera kjent for kongen.
28 Men det er ein Gud i himmelen som openberrar mysterium. Han har gjort kjent for kong Nebukadnesar kva som skal henda i dei siste dagar. Dette er draumen og dei syn du hadde i hovudet medan du låg i senga.
29 Då du låg i senga, konge, steig det tankar opp i deg om det som skal henda i framtida. Han som openberrar mysterium, gjorde kjent for deg det som skal henda.
30 Og når dette mysteriet har vorte openberra for meg, er det ikkje fordi eg har større visdom enn alle andre som lever, men for at kongen skal få vita tydinga, så du kan kjenna tankane i hjartet ditt.
31 Konge, i synet såg du ein kolossal statue. Han var stor og stråla sterkt. Han stod beint framfor deg og såg skremmeleg ut.