3 Han sa til dei: «Eg har hatt ein draum. Eg er uroleg til sinns og ønskjer å forstå draumen.»
4 Stjernetydarane svara kongen på arameisk: «Lenge leve kongen! Fortel tenarane dine draumen, så skal vi seia deg tydinga.»
5 Då sa kongen til stjernetydarane: «Dette er mi faste avgjerd: Dersom de ikkje fortel meg både draumen og tydinga, skal de hoggast i bitar, og husa dykkar skal leggjast i grus.
6 Men dersom de fortel meg både draumen og tydinga, skal de få rike gåver og stor ære av meg. Fortel meg difor draumen og tydinga!»
7 Då svara dei andre gongen: «Berre kongen no fortel tenarane sine draumen, så skal vi seia deg tydinga.»
8 Kongen tok til orde og sa: «Eg skjønar godt at de prøver å vinna tid, fordi de ser at ordet mitt står fast:
9 Dersom de ikkje kan fortelja meg draumen, er det berre éin dom som gjeld for dykk. Men de har vorte samde om å føra meg bak lyset med ei løgn til tidene skifter. Difor: Sei meg draumen, så veit eg at de òg kan seia meg tydinga!»