30 Og når dette mysteriet har vorte openberra for meg, er det ikkje fordi eg har større visdom enn alle andre som lever, men for at kongen skal få vita tydinga, så du kan kjenna tankane i hjartet ditt.
31 Konge, i synet såg du ein kolossal statue. Han var stor og stråla sterkt. Han stod beint framfor deg og såg skremmeleg ut.
32 Hovudet på statuen var av fint gull, brystet og armane av sølv, magen og hoftene av bronse.
33 Beina var av jern og føtene dels av jern, dels av leire.
34 Medan du såg på, vart ein stein riven laus, men utan at noka hand rørte ved han, og han råka statuen på føtene som var av jern og leire, og krasa dei.
35 Då gjekk det sund alt saman, både jernet og leira, bronsen, sølvet og gullet. Det vart som agner frå treskjevollen om sommaren. Vinden tok det, og det fanst ikkje meir. Men steinen som hadde råka statuen, vart til eit stort fjell som fylte heile jorda.
36 Det var draumen, og no skal vi fortelja kongen tydinga.