35 Då gjekk det sund alt saman, både jernet og leira, bronsen, sølvet og gullet. Det vart som agner frå treskjevollen om sommaren. Vinden tok det, og det fanst ikkje meir. Men steinen som hadde råka statuen, vart til eit stort fjell som fylte heile jorda.
36 Det var draumen, og no skal vi fortelja kongen tydinga.
37 Konge, du konge over kongane, som Gud i himmelen har gjeve kongedøme, makt og styrke og ære!
38 Menneska, kvar dei så bur, dyra på marka og fuglane under himmelen, alle har han gjeve i di hand, og han har sett deg til herskar over dei. Du er hovudet av gull.
39 Men etter deg skal det koma eit anna kongerike, ringare enn ditt, og så eit tredje rike, av bronse, som skal råda over heile jorda.
40 Det fjerde riket skal vera sterkt som jern. Som jernet knuser og knasar alt, skal det knusa og slå sund alle dei andre, lik jern som slår sund.
41 Føtene og tærne som du såg, var dels av pottemakarleire, dels av jern. Slik skal riket vera delt. Noko av styrken til jernet skal vera i det. Du såg då at jernet var blanda med leire.