8 Kongen tok til orde og sa: «Eg skjønar godt at de prøver å vinna tid, fordi de ser at ordet mitt står fast:
9 Dersom de ikkje kan fortelja meg draumen, er det berre éin dom som gjeld for dykk. Men de har vorte samde om å føra meg bak lyset med ei løgn til tidene skifter. Difor: Sei meg draumen, så veit eg at de òg kan seia meg tydinga!»
10 Stjernetydarane tok til orde og sa til kongen: «Det finst ikkje eit menneske på jorda som kan fortelja kongen dette. For aldri har nokon konge, kor stor og mektig han var, kravd noko slikt av ein draumetydar, åndemanar eller stjernetydar.
11 Det kongen krev, er så vanskeleg at ingen andre enn gudane kan fortelja han det, og dei bur ikkje mellom dødelege.»
12 Kongen vart frå seg av raseri over dette og baud at dei skulle gjera ende på alle vismennene i Babel.
13 Då påbodet om å drepa vismennene var utsendt, leita dei òg etter Daniel og venene hans og ville slå dei i hel.
14 Då vende Daniel seg med kloke og velvalde ord til Arjok, sjefen over livvakta til kongen, som hadde drege ut for å drepa vismennene i Babel.