1 Kong Nebukadnesar laga ein statue av gull, seksti alner høg og seks alner brei, og sette han opp i Dura-dalen i provinsen Babel.
2 Så sende kong Nebukadnesar bod og kalla saman satrapane, guvernørane, statthaldarane, rådgjevarane, skattmeistrane, dommarane, oppsynsmennene og alle provinsstyrarane. Dei skulle koma til vigslinga av statuen som kong Nebukadnesar hadde reist.
3 Satrapane, guvernørane, statthaldarane, rådgjevarane, skattmeistrane, dommarane, oppsynsmennene og alle provinsstyrarane kom saman til vigslinga av den statuen som kong Nebukadnesar hadde sett opp. Då dei stod framfor statuen kongen hadde reist,
4 ropa herolden med høg røyst: «Slik lyder påbodet til dykk folk og nasjonar og tungemål: