12 Det er nokre jødiske menn her som du har sett til å styra provinsen Babel: Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego. Desse mennene bryr seg ikkje om påbodet ditt, konge. Dei dyrkar ikkje din gud og tilbed ikkje statuen som du har sett opp.»
13 Då vart Nebukadnesar rasande. Han baud at dei skulle henta Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, og mennene vart førte fram for kongen.
14 Nebukadnesar tok til orde og sa til dei: «Er det sant, Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, at de ikkje dyrkar min gud og ikkje tilbed gullstatuen som eg har sett opp?
15 No, er de villige når de høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, til å falla ned og tilbe statuen eg har laga? For vil de ikkje tilbe han, skal de straks kastast i omnen med logande eld. Finst det då nokon gud som kan berga dykk frå mi hand?»
16 Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego svara kong Nebukadnesar: «Vi treng ikkje svara deg på dette.
17 Om den Gud som vi dyrkar, kan berga oss frå omnen med logande eld og frå di hand, konge, så vil han berga oss.
18 Og om han ikkje det gjer, skal du vita, konge, at vi ikkje kjem til å dyrka din gud og tilbe gullstatuen du har reist.»