27 Satrapane, guvernørane, statthaldarane og kongens rådsherrar stimla saman, og dei såg at elden ikkje hadde hatt makt over kroppane til desse mennene. Håret på hovuda deira var ikkje svidd, kappene var ikkje skadde, og det lukta ikkje brent av dei.
28 Då tok Nebukadnesar til orde og sa: «Velsigna er Sjadraks, Mesjaks og Abed-Negos Gud, som sende engelen sin og berga tenarane sine. Dei sette si lit til han og trassa bodet frå kongen. Dei våga livet, så dei skulle sleppa å dyrka eller tilbe nokon annan gud enn sin eigen.
29 No gjev eg dette påbodet: Er det nokon i alle folk og nasjonar og tungemål som talar hånleg om Sjadraks, Mesjaks og Abed-Negos Gud, skal han hoggast i bitar, og huset hans skal leggjast i grus. For det finst ingen annan gud som kan berga på denne måten.»
30 Og kongen gav Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego høge stillingar i provinsen Babel.