8 Straks etter kom nokre kaldeiske menn og førte klagemål mot jødane.
9 Dei tok til orde og sa til kong Nebukadnesar: «Lenge leve kongen!
10 Konge, du har gjeve påbod om at alle som høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, skal falla ned og tilbe gullstatuen,
11 og at den som ikkje fell ned og tilbed, skal kastast i omnen med logande eld.
12 Det er nokre jødiske menn her som du har sett til å styra provinsen Babel: Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego. Desse mennene bryr seg ikkje om påbodet ditt, konge. Dei dyrkar ikkje din gud og tilbed ikkje statuen som du har sett opp.»
13 Då vart Nebukadnesar rasande. Han baud at dei skulle henta Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, og mennene vart førte fram for kongen.
14 Nebukadnesar tok til orde og sa til dei: «Er det sant, Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, at de ikkje dyrkar min gud og ikkje tilbed gullstatuen som eg har sett opp?