10 Eg hadde syn i hovudet medan eg låg i senga:Og sjå, eit tre stod midt på jorda. Det var svært høgt.
11 Treet voks seg så stort og sterkt at det nådde til himmelen og var synleg til enden av jorda.
12 Lauvet var vakkert og frukta rik, det gav føde til alle. Dyra på marka fann skugge under det, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene. Alt liv fekk si føde frå det.
13 Eg hadde syn i hovudet medan eg låg i senga. Eg såg, og sjå! – ein heilag vaktar kom ned frå himmelen.
14 Han ropa med høg røyst:Hogg treet ned, skjer greinene av,snøy det for lauv, kast frukta utover!Dyra under det skal rømmaog fuglane flyga bort frå greinene.
15 Lat berre rotstubben stå att i jorda,i graset på marka,men bunden med lenkjer av jern og bronse.Han skal vætast med dogg frå himmelen,som dyra skal han eta plantene på marka.
16 Hans menneskehjarte skal forvandlast,eit dyrehjarte skal han få.Sju tider skal fara fram over han.