15 Lat berre rotstubben stå att i jorda,i graset på marka,men bunden med lenkjer av jern og bronse.Han skal vætast med dogg frå himmelen,som dyra skal han eta plantene på marka.
16 Hans menneskehjarte skal forvandlast,eit dyrehjarte skal han få.Sju tider skal fara fram over han.
17 Dette har vaktarane vedteke i sitt råd,dette har dei heilage avgjort med sitt ord.Slik skal alle som lever, skjøna at Den høgste rår over riket mellom menneska. Han gjev det til kven han vil, og den lågaste av alle menneske kan han setja over det.
18 Dette var draumen som eg, kong Nebukadnesar, hadde. Gjev meg tydinga, du Beltsasar! For ingen vismann i riket mitt kan det. Men du kan, for dei heilage gudars ånd er i deg.»
19 Daniel, som hadde fått namnet Beltsasar, stod ei stund forfærd; tankane hans skremde han. Då sa kongen: «Beltsasar, lat ikkje draumen og tydinga skremma deg.» Beltsasar svara: «Herre, gjev draumen måtte gjelda fiendane dine og tydinga motstandarane dine!
20 Treet du såg, var stort og sterkt. Toppen nådde til himmelen, og treet var synleg over heile jorda.
21 Lauvet var vakkert og frukta rik, det gav føde til alle. Dyra på marka heldt til under det, og fuglane under himmelen hadde reir i greinene.