2 Lat meg få kunngjera dei teikn og under som Gud, Den høgste, har gjort mot meg.
3 Kor store er hans teikn,kor veldige hans under!Hans kongerike er eit evig rike,hans velde varer frå slekt til slekt.
4 Eg, Nebukadnesar, levde sorglaust i huset mitt og sat sunn og frisk i slottet mitt.
5 Då hadde eg ein draum som gjorde meg redd. Dei tankane eg fekk og syna eg hadde i hovudet medan eg låg i senga, skremde meg.
6 Eg gav påbod om at alle vismennene i Babel skulle førast fram for meg og gje meg tydinga av draumen.
7 Då kom draumetydarane, åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane inn, og eg fortalde dei draumen. Men dei kunne ikkje gje meg tydinga.
8 Til sist kom Daniel fram for meg, han dei kallar Beltsasar etter namnet på guden min. I han er dei heilage gudars ånd. Eg fortalde han draumen: