24 Dette er tydinga, konge. Den høgste har fastsett at dette skal koma over min herre kongen:
25 Du skal jagast bort frå menneska og halda til mellom dyra på marka. Du skal eta gras liksom oksane, og med dogg frå himmelen skal du vætast. Sju tider skal fara fram over deg til du skjønar at Den høgste rår over riket mellom menneska og gjev det til kven han vil.
26 Når det vart sagt at ein rotstubb av treet skulle stå att, tyder det at riket igjen skal vera ditt frå den tid du skjønar at Himmelen har makta.
27 Difor, konge, ta imot rådet mitt! Riv deg laus frå syndene dine med rettferd og frå skulda di med miskunn mot dei som lid naud! Så skal lukka di vara lenge.»
28 Alt dette hende med kong Nebukadnesar.
29 Tolv månader etter, då kongen ein gong gjekk omkring på taket av slottet i Babel,
30 sa han brått: «Dette er det store Babel, som eg med mi veldige makt har bygd til kongssete, til ære for min herlegdom!»