28 Alt dette hende med kong Nebukadnesar.
29 Tolv månader etter, då kongen ein gong gjekk omkring på taket av slottet i Babel,
30 sa han brått: «Dette er det store Babel, som eg med mi veldige makt har bygd til kongssete, til ære for min herlegdom!»
31 Før kongen endå hadde tala ut, kom ei røyst frå himmelen: «Dette er sagt til deg, kong Nebukadnesar: Riket er teke frå deg.
32 Du skal jagast bort frå menneska og halda til mellom dyra på marka. Du skal eta gras liksom oksane. Sju tider skal fara fram over deg til du skjønar at Den høgste rår over riket mellom menneska og gjev det til kven han vil.»
33 I same augneblinken vart dette ordet oppfylt på Nebukadnesar. Han vart jaga bort frå menneska og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til håret vart langt som ørnefjører og neglene som fugleklør.
34 «Då tida var ute, lyfte eg, Nebukadnesar, auga mot himmelen, og eg fekk vitet mitt att. Eg lova og prisa Den høgste og æra han som lever evig:Hans velde er eit evig velde,hans rike varer frå slekt til slekt.