4 Eg, Nebukadnesar, levde sorglaust i huset mitt og sat sunn og frisk i slottet mitt.
5 Då hadde eg ein draum som gjorde meg redd. Dei tankane eg fekk og syna eg hadde i hovudet medan eg låg i senga, skremde meg.
6 Eg gav påbod om at alle vismennene i Babel skulle førast fram for meg og gje meg tydinga av draumen.
7 Då kom draumetydarane, åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane inn, og eg fortalde dei draumen. Men dei kunne ikkje gje meg tydinga.
8 Til sist kom Daniel fram for meg, han dei kallar Beltsasar etter namnet på guden min. I han er dei heilage gudars ånd. Eg fortalde han draumen:
9 Beltsasar, du som er leiar for draumetydarane! Eg veit at i deg er dei heilage gudars ånd, og at ikkje noko mysterium er for vanskeleg for deg. Høyr kva eg såg i draumen, og sei meg tydinga!
10 Eg hadde syn i hovudet medan eg låg i senga:Og sjå, eit tre stod midt på jorda. Det var svært høgt.