1 Kong Belsasar heldt eit stort festmåltid for dei tusen stormennene sine og sat og drakk vin i lag med dei.
2 Belsasar vart påverka av vinen og baud at dei skulle henta dei gullkara og sølvkara som Nebukadnesar, far hans, hadde ført bort frå tempelet i Jerusalem. Så skulle kongen og stormennene hans, konene og følgjekonene hans drikka av dei.
3 Dei henta då gullkara som var bortførte frå tempelet, frå Guds hus i Jerusalem, og kongen og stormennene hans, konene og følgjekonene hans drakk av dei.
4 Dei drakk vin og prisa gudar av gull og sølv, bronse og jern, tre og stein.
5 I same augneblinken synte det seg fingrar av ei menneskehand, og dei skreiv på den kalka veggen i kongsslottet, midt imot lysestaken. Kongen såg handa som skreiv.
6 Då vart kongen bleik i andletet, og tankane hans skremde han. Hoftene veikna, og knea slo mot kvarandre.