12 fordi det hos Daniel – han som kongen gav namnet Beltsasar – fanst ei makelaus ånd, vit og innsikt, evne til å tyda draumar, tolka varsel og løysa flokar. Send no bod etter Daniel! Han kan seia deg tydinga.»
13 Så henta dei Daniel inn til kongen, og kongen sa til han: «Så du er Daniel, ein av dei bortførte jødane, som far min, kongen, tok med seg hit frå Juda!
14 Eg har høyrt om deg at gudars ånd er i deg, og at du har vist at du har opplysning, innsikt og makelaus visdom.
15 No er vismennene og åndemanarane henta hit til meg for å lesa denne skrifta og fortelja meg tydinga. Men dei er ikkje i stand til å tyda orda.
16 Men eg har høyrt om deg at du kan gje tydingar og løysa flokar. Kan du no lesa skrifta og fortelja meg tydinga, skal du bli kledd i purpur og få gullkjede om halsen, og i makt skal du vera den tredje i riket.»
17 Då tok Daniel til orde og sa til kongen: «Dei fine gåvene dine kan du ha sjølv eller gje dei til ein annan! Men skrifta skal eg lesa for kongen og fortelja tydinga.
18 Konge! Gud, Den høgste, gav rike og makt, ære og herlegdom til Nebukadnesar, far din.