15 No er vismennene og åndemanarane henta hit til meg for å lesa denne skrifta og fortelja meg tydinga. Men dei er ikkje i stand til å tyda orda.
16 Men eg har høyrt om deg at du kan gje tydingar og løysa flokar. Kan du no lesa skrifta og fortelja meg tydinga, skal du bli kledd i purpur og få gullkjede om halsen, og i makt skal du vera den tredje i riket.»
17 Då tok Daniel til orde og sa til kongen: «Dei fine gåvene dine kan du ha sjølv eller gje dei til ein annan! Men skrifta skal eg lesa for kongen og fortelja tydinga.
18 Konge! Gud, Den høgste, gav rike og makt, ære og herlegdom til Nebukadnesar, far din.
19 Fordi Gud hadde gjeve han så stor makt, skalv alle folk og nasjonar og tungemål for han og var redde. Den han ville, lét han drepa, og den han ville, lét han leva; den han ville, gjorde han stor, og den han ville, gjorde han liten.
20 Men då han vart stor i eigne tankar og stolt og hovmodig i si ånd, vart han støytt ned frå kongetrona, og æra hans vart teken frå han.
21 Han vart jaga bort frå menneska, og hjartet hans vart som eit dyrehjarte. Han heldt til mellom villesel og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til han skjøna at Gud, Den høgste, rår over riket blant menneska og kan gje det til kven han vil.