20 Men då han vart stor i eigne tankar og stolt og hovmodig i si ånd, vart han støytt ned frå kongetrona, og æra hans vart teken frå han.
21 Han vart jaga bort frå menneska, og hjartet hans vart som eit dyrehjarte. Han heldt til mellom villesel og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til han skjøna at Gud, Den høgste, rår over riket blant menneska og kan gje det til kven han vil.
22 Men du, Belsasar, son hans, har ikkje vorte audmjuk, endå du visste alt dette.
23 Du har opphøgd deg mot herren over himmelen. Dei har kome til deg med kar frå huset hans, og du og stormennene dine, konene og følgjekonene dine har drukke vin av dei. Du prisa gudar av sølv og gull, bronse og jern, tre og stein, som korkje ser eller høyrer eller skjønar. Men den Gud som har livet ditt i si hand, og som rår for heile livsvegen din, han har du ikkje æra.
24 Difor vart denne handa send frå han og denne skrifta skriven.
25 Dette er det som vart skrive: mene, mene, tekel ufarsin.
26 Og dette er tydinga av orda: Mene – talt. Gud har talt dagane til kongedømet ditt og gjort slutt på det.