25 Dette er det som vart skrive: mene, mene, tekel ufarsin.
26 Og dette er tydinga av orda: Mene – talt. Gud har talt dagane til kongedømet ditt og gjort slutt på det.
27 Tekel – vegen. Du er vegen på vekta og funnen for lett.
28 Peres – delt opp. Riket ditt er delt opp og gjeve til medarane og persarane.»
29 Då baud Belsasar at dei skulle kle Daniel i purpur, hengja gullkjeda om halsen hans og ropa ut at han i makt skulle vera den tredje i riket.
30 Men same natta vart Belsasar, kaldearkongen, drepen.