3 Dei henta då gullkara som var bortførte frå tempelet, frå Guds hus i Jerusalem, og kongen og stormennene hans, konene og følgjekonene hans drakk av dei.
4 Dei drakk vin og prisa gudar av gull og sølv, bronse og jern, tre og stein.
5 I same augneblinken synte det seg fingrar av ei menneskehand, og dei skreiv på den kalka veggen i kongsslottet, midt imot lysestaken. Kongen såg handa som skreiv.
6 Då vart kongen bleik i andletet, og tankane hans skremde han. Hoftene veikna, og knea slo mot kvarandre.
7 Kongen ropa høgt at dei skulle henta åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane. Og han tok til orde og sa til vismennene i Babel: «Den mannen som kan lesa denne skrifta og seia meg kva ho tyder, han skal bli kledd i purpur og få gullkjede om halsen, og i makt skal han vera den tredje i riket.»
8 Alle vismennene til kongen kom inn til han. Men dei greidde ikkje lesa skrifta eller fortelja kongen tydinga.
9 Då vart kong Belsasar så vitskremd at andletet bleikna, og stormennene hans stod rådville.