6 Då vart kongen bleik i andletet, og tankane hans skremde han. Hoftene veikna, og knea slo mot kvarandre.
7 Kongen ropa høgt at dei skulle henta åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane. Og han tok til orde og sa til vismennene i Babel: «Den mannen som kan lesa denne skrifta og seia meg kva ho tyder, han skal bli kledd i purpur og få gullkjede om halsen, og i makt skal han vera den tredje i riket.»
8 Alle vismennene til kongen kom inn til han. Men dei greidde ikkje lesa skrifta eller fortelja kongen tydinga.
9 Då vart kong Belsasar så vitskremd at andletet bleikna, og stormennene hans stod rådville.
10 Då dronninga høyrde kva kongen og stormennene hans hadde sagt, kom ho inn i festsalen, tok til orde og sa: «Lenge leve kongen! Lat ikkje tankane skremma deg, bli ikkje bleik!
11 I riket ditt finst det ein mann som har dei heilage gudars ånd i seg. I din fars dagar viste det seg at han hadde opplysning og innsikt og ein slik visdom som gudane har. Kong Nebukadnesar, far din, sette han til leiar for draumetydarane, åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane. Det gjorde far din, konge,
12 fordi det hos Daniel – han som kongen gav namnet Beltsasar – fanst ei makelaus ånd, vit og innsikt, evne til å tyda draumar, tolka varsel og løysa flokar. Send no bod etter Daniel! Han kan seia deg tydinga.»