1 Medaren Dareios tok imot riket. Han var då 62 år gammal.
2 Dareios valde å setja 120 satrapar over kongeriket, plasserte rundt i heile riket.
3 Over dei sette han tre ministrar, og Daniel var ein av dei. Satrapane skulle gjera rekneskap for dei, så kongen ikkje skulle lida noko tap.
4 Daniel merkte seg ut framfor dei andre ministrane og satrapane, for det var ei makelaus ånd i han. Og kongen tenkte på å setja han over heile riket.
5 Då prøvde ministrane og satrapane å finna noko å klaga Daniel for i embetsførsla hans. Men dei greidde ikkje finna nokon grunn til å klaga på han eller noko gale å seia om han. For han var påliteleg, og dei fann korkje forsøming eller feil hos han.
6 Då sa dei: «Vi har ikkje noko å klaga denne Daniel for, om vi då ikkje finn noko hos han når det gjeld religionen hans.»