16 Igjen storma mennene inn til kongen og sa til han: «Gløym ikkje, konge, at det er medisk og persisk lov at ikkje noko påbod som kongen har gjeve eller noka forordning han har sendt ut, kan kallast tilbake.»
17 Så baud kongen at dei skulle henta Daniel og kasta han i løvehòla. Kongen sa til Daniel: «Måtte din Gud, som du framleis dyrkar, berga deg!»
18 Dei henta ein stein og la han over opninga til hòla. Kongen forsegla han med sitt eige segl og med seglet til stormennene sine, så ingenting kunne endrast når det gjaldt Daniel.
19 Etter dette gjekk kongen til slottet sitt og fasta heile natta. Han lét ingen kvinner koma inn til seg. Og han fekk ikkje sova.
20 Tidleg om morgonen, ved soloppgang, stod kongen opp og skunda seg til løvehòla.
21 Då han kom bort til hòla, ropa han på Daniel med angst i stemma: «Daniel, du tenar for den levande Gud, har din Gud, som du stadig dyrkar, kunna berga deg frå løvene?»
22 Då svara Daniel: «Lenge leve kongen!