9 Gjev no eit slikt påbod, konge, og set opp eit skriv som ikkje kan kallast tilbake, etter medisk eller persisk lov som ikkje kan endrast.»
10 I samsvar med dette sette Dareios opp eit skriv med eit slikt påbod.
11 Så snart Daniel fekk vita at skrivet var sett opp, gjekk han inn i huset sitt. I takkammeret hadde han opne vindauge som vende mot Jerusalem. Der fall han tre gonger om dagen på kne for sin Gud med bøn og lovprising, for slik hadde han alltid gjort.
12 Då storma mennene inn og fann Daniel medan han bad til sin Gud og kalla på han.
13 Så gjekk dei fram for kongen og sa: «Konge, har du ikkje sendt ut påbod om at kvar den som i tretti dagar bed til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal kastast i løvehòla?» Kongen svara: «Jau, det står fast etter medisk og persisk lov som ikkje kan endrast.»
14 Då sa dei til kongen: «Daniel, ein av dei bortførte frå Juda, retter seg korkje etter deg eller etter det påbodet du har sendt skriv om. Tre gonger om dagen held han si bøn.»
15 Då kongen høyrde det, gjorde det han svært vondt, og han bestemte seg for å berga Daniel. Heilt til solnedgang gjorde han det han kunne for å redda han.