1 I det første året Belsasar var konge i Babel, hadde Daniel ein draum, og syn gjekk gjennom hovudet hans medan han låg i senga. Etterpå skreiv han opp draumen. Her tek forteljinga til.
2 Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta, og sjå! – dei fire himmelens vindar sette det store havet i opprør.
3 Fire store dyr steig opp av havet, det eine ulikt det andre.
4 Det første dyret var likt ei løve og hadde ørnevenger. Medan eg såg på det, vart vengene rivne av, og det vart lyft frå jorda og reist på to føter som eit menneske, og det fekk eit menneskehjarte.