12 Frå dei andre dyra òg vart herskarmakta teken, og livslengda deira vart fastsett med dag og time.
13 Eg såg i mine nattsyn, og sjå!– med himmelskyenekom det ein som var lik ein menneskeson.Han gjekk bort mot den gamle av dagarog vart ført fram for han.
14 Han fekk herskarmakt, ære og rikeså alle folk og nasjonar og tungemål skal tena han.Hans herskarmakt er ei evig maktsom ikkje skal forgå.Hans rike går aldri til grunne.
15 Eg, Daniel, vart uroleg i kropp og sjel. Syna som gjekk gjennom hovudet mitt, skremde meg.
16 Eg gjekk bort til ein av dei som stod der, og bad han om ei påliteleg forklaring på alt dette. Han svara meg og fortalde kva syna tydde:
17 «Desse store dyra, fire i talet, tyder at det skal stå fram fire kongar på jorda.
18 Men dei heilage til Den høgste skal få riket og ha det i eige til evig tid, ja, i ævers æve.»