20 Like eins ønskte eg ei forklaring på dei ti horna det hadde på hovudet, det nye hornet som skaut opp, og dei tre andre horna som fall av så det kunne få rom. Dette hornet hadde auge og ein munn som tala store ord, og det var større å sjå til enn dei andre.
21 Eg såg på medan dette hornet førte krig mot dei heilage og vann over dei,
22 heilt til den gamle av dagar kom. Då fekk dei heilage til Den høgste sin rett, og tida kom då dei heilage tok over riket.
23 Dette sa han: «Det fjerde dyret tyder at det skal koma eit fjerde rike på jorda, eit som er annleis enn alle dei andre rika. Det skal sluka heile jorda, trakka henne ned og knusa henne.
24 Dei ti horna tyder at det skal stå fram ti kongar frå dette riket. Og etter dei skal det stå fram endå ein konge, som er annleis enn dei som var før han. Han skal tvinga under seg tre kongar.
25 Og han skal tala mot Den høgste og fara hardt fram mot dei heilage til Den høgste. Han skal setja seg føre å endra tider og lover, og dei heilage skal gjevast i hans hand éi tid, tider og ei halv tid.
26 Då skal retten setjast. Herskarmakta skal takast frå han, knusast og gå under for alltid.