6 Deretter såg eg, og sjå! – eitt til. Det var som ein leopard. Dyret hadde fire fuglevenger på ryggen, og det hadde fire hovud. Det fekk herskarmakt.
7 Deretter såg eg i nattsyna, og sjå! – eit fjerde dyr, fælt og skremmeleg og veldig sterkt. Det hadde store jerntenner og åt og krasa; og det som var att, trakka det ned med føtene. Det var annleis enn alle dei andre dyra og hadde ti horn.
8 Eg såg nøye på horna, og sjå! – endå eit horn. Eit lite horn skaut opp mellom dei. Tre av dei første horna vart rykte opp så det kunne få rom. Dette hornet hadde auge som eit menneske og ein munn som tala store ord.
9 Så såg eg:Tronstolar vart sette fram,og ein som var gammal av dagar, tok sete.Kleda hans var kvite som snøog håret på hovudet som rein ull.Trona var flammande logar,og hjula under var logande eld.
10 Ei elv av eld rann fram,ho strøymde ut framfor han.Tusen på tusen tente han,titusen på titusen stod framfor han.Retten vart sett, og bøker vart opna.
11 Eg heldt fram med å sjå fordi eg høyrde dei store orda som hornet tala. Og medan eg såg, vart dyret drepe, og kroppen vart knust og kasta på elden for å brennast.
12 Frå dei andre dyra òg vart herskarmakta teken, og livslengda deira vart fastsett med dag og time.