9 Så såg eg:Tronstolar vart sette fram,og ein som var gammal av dagar, tok sete.Kleda hans var kvite som snøog håret på hovudet som rein ull.Trona var flammande logar,og hjula under var logande eld.
10 Ei elv av eld rann fram,ho strøymde ut framfor han.Tusen på tusen tente han,titusen på titusen stod framfor han.Retten vart sett, og bøker vart opna.
11 Eg heldt fram med å sjå fordi eg høyrde dei store orda som hornet tala. Og medan eg såg, vart dyret drepe, og kroppen vart knust og kasta på elden for å brennast.
12 Frå dei andre dyra òg vart herskarmakta teken, og livslengda deira vart fastsett med dag og time.
13 Eg såg i mine nattsyn, og sjå!– med himmelskyenekom det ein som var lik ein menneskeson.Han gjekk bort mot den gamle av dagarog vart ført fram for han.
14 Han fekk herskarmakt, ære og rikeså alle folk og nasjonar og tungemål skal tena han.Hans herskarmakt er ei evig maktsom ikkje skal forgå.Hans rike går aldri til grunne.
15 Eg, Daniel, vart uroleg i kropp og sjel. Syna som gjekk gjennom hovudet mitt, skremde meg.