11 Ja, det voks heilt opp til fyrsten for hæren. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra.
12 Hornet fekk makt til å gjera opprør mot det daglege offeret. Det kasta sanninga til jorda og lukkast i alt det gjorde.
13 Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: «Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret, den øydeleggjande synda og om at både heilagdomen og hæren skal gjevast over til nedtrakking?»
14 Han svara meg: «I 2300 kveldar og morgonar. Så skal heilagdomen få att sin rett.»
15 Då eg, Daniel, hadde hatt dette synet og prøvde å skjøna det, stod det framfor meg ein som såg ut som ein mann.
16 Og eg høyrde ei menneskerøyst som ropa over Ulai: «Gabriel, forklar synet for denne mannen!»
17 Så kom han bort til meg der eg stod, og då han kom, vart eg skremd og kasta meg ned med andletet mot jorda. Han sa til meg: «Vit, menneske, at synet gjeld endetida.»