17 Så kom han bort til meg der eg stod, og då han kom, vart eg skremd og kasta meg ned med andletet mot jorda. Han sa til meg: «Vit, menneske, at synet gjeld endetida.»
18 Medan han tala til meg, fall eg i uvit med andletet mot jorda. Men han rørte ved meg, reiste meg på føtene
19 og sa:«No vil eg la deg få vita kva som skal henda når det lid til endes med vreiden, for det handlar om tida for enden.
20 Vêren du såg, den som hadde to horn, er kongane i Media og Persia,
21 og bukken er kongen i Javan. Det store hornet han hadde i skallen, er den første kongen.
22 Det eine hornet som vart brote av, og dei fire andre som voks opp i staden, tyder at fire kongerike skal stå fram frå folket hans, men utan same kraft som han.
23 Når riket deira går mot slutten og syndemålet er fylt, skal det stå fram ein konge med hardt andlet og forstand på å føra folk bak lyset