19 og sa:«No vil eg la deg få vita kva som skal henda når det lid til endes med vreiden, for det handlar om tida for enden.
20 Vêren du såg, den som hadde to horn, er kongane i Media og Persia,
21 og bukken er kongen i Javan. Det store hornet han hadde i skallen, er den første kongen.
22 Det eine hornet som vart brote av, og dei fire andre som voks opp i staden, tyder at fire kongerike skal stå fram frå folket hans, men utan same kraft som han.
23 Når riket deira går mot slutten og syndemålet er fylt, skal det stå fram ein konge med hardt andlet og forstand på å føra folk bak lyset
24 Han skal få stor makt, men ikkje så stor som den første. Han skal gjera uhyggjeleg skade og lukkast i alt han gjer. Han skal utsletta dei mektige og folket av dei heilage.
25 Fordi han er kløktig, skal han lukkast med sitt svik. Han skal vera stor i eigne tankar, og med lett hjarte skal han utsletta mange. Han skal reisa seg mot fyrsten over fyrstane og bli knust, men ikkje ved menneskehand.