23 Når riket deira går mot slutten og syndemålet er fylt, skal det stå fram ein konge med hardt andlet og forstand på å føra folk bak lyset
24 Han skal få stor makt, men ikkje så stor som den første. Han skal gjera uhyggjeleg skade og lukkast i alt han gjer. Han skal utsletta dei mektige og folket av dei heilage.
25 Fordi han er kløktig, skal han lukkast med sitt svik. Han skal vera stor i eigne tankar, og med lett hjarte skal han utsletta mange. Han skal reisa seg mot fyrsten over fyrstane og bli knust, men ikkje ved menneskehand.
26 Synet om kveldar og morgonar, det som her er fortalt, er sant. Men du skal halda synet skjult, for det gjeld ei fjern framtid.»
27 Eg, Daniel, låg sjuk i fleire dagar. Så stod eg opp og gjorde mi teneste hos kongen. Eg var slegen av undring over synet og skjøna det ikkje.