3 Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – ein vêr stod attmed elva. Han hadde to horn. Begge horna var lange, men det eine var lengre enn det andre, og det lengste voks fram sist.
4 Eg såg vêren stanga mot vest, mot nord og mot sør. Det fanst ikkje dyr som kunne stå seg mot han, og ingen kunne berga nokon frå han. Vêren gjorde som han ville, og fekk stor makt.
5 Medan eg tenkte på dette, kom det ein bukk frå vest. Han fór fram over heile jorda utan å koma nær marka. Bukken hadde eit veldig horn i skallen.
6 Han kom bort til vêren med dei to horna, den eg såg attmed elva, og fór imot han med styrlaus kraft.
7 Eg såg korleis han kom heilt bort til vêren og stanga til han i sinne og braut begge horna hans. Vêren hadde ikkje kraft til å stå seg imot han. Bukken kasta han til jorda og trakka han ned. Ingen kunne berga vêren frå bukken.
8 Bukken fekk svært stor makt. Men då han var på det sterkaste, vart det store hornet avbrote, og det voks opp fire veldige horn i staden, mot dei fire himmelretningane.
9 Frå eitt av horna skaut det fram eit mindre horn. Det voks seg større og større, mot sør og mot aust og mot det herlege landet.