7 Eg såg korleis han kom heilt bort til vêren og stanga til han i sinne og braut begge horna hans. Vêren hadde ikkje kraft til å stå seg imot han. Bukken kasta han til jorda og trakka han ned. Ingen kunne berga vêren frå bukken.
8 Bukken fekk svært stor makt. Men då han var på det sterkaste, vart det store hornet avbrote, og det voks opp fire veldige horn i staden, mot dei fire himmelretningane.
9 Frå eitt av horna skaut det fram eit mindre horn. Det voks seg større og større, mot sør og mot aust og mot det herlege landet.
10 Det voks heilt opp til himmelhæren, og det kasta nokre av hæren og nokre av stjernene ned på jorda og trakka dei ned.
11 Ja, det voks heilt opp til fyrsten for hæren. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra.
12 Hornet fekk makt til å gjera opprør mot det daglege offeret. Det kasta sanninga til jorda og lukkast i alt det gjorde.
13 Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: «Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret, den øydeleggjande synda og om at både heilagdomen og hæren skal gjevast over til nedtrakking?»