1 I det første året Dareios, son til Ahasveros, var konge – han var av medisk ætt og hadde vorte konge over kaldearriket –
2 i det første styringsåret hans oppdaga eg, Daniel, i bøkene kor lenge Jerusalem skulle liggja i røys etter Herrens ord til profeten Jeremia. Det var sytti år.
3 Eg vende meg til Herren Gud for å søkja han med bøn og rop om nåde, for å fasta i sekk og oske.
4 Eg bad til Herren min Gud og vedkjende: «Å Herre, du store og skremmande Gud, som held pakta og viser miskunn mot dei som elskar deg og held dine bod!
5 Vi har synda, bore oss ille åt, gjort urett, vore trassige og vike av frå dine bod og dommar.
6 Vi har ikkje høyrt på tenarane dine, profetane, som tala i ditt namn til kongane våre, stormennene og fedrane og til alt folket i landet.