11 Heile Israel braut di lov, vende seg bort og høyrde ikkje på deg. Difor har den forbanningseiden det er skrive om i lova til Moses, Guds tenar, kome over oss. For vi har synda mot han.
12 Han sette i verk det ordet han tala mot oss og mot styrarane som styrte over oss. Han sende over oss ei ulukke så stor at det ikkje finst ein stad under himmelen der det har hendt noko slikt som i Jerusalem.
13 Etter det som står skrive i Moselova, kom all denne ulukka over oss. Men vi prøvde ikkje å vinna velvilje for Herren vår Guds andlet, vi vende ikkje om frå vår synd og prøvde ikkje å forstå di sanning.
14 Difor hadde Herren støtt ulukka for auge og førte henne over oss. For Herren vår Gud er rettferdig i alt han gjer, men vi høyrde ikkje på han.
15 Og no, Herre vår Gud, du som førte folket ditt ut frå Egypt med sterk hand og vann deg eit namn som står seg endå i dag, vi har synda og gjort urett.
16 Herre, du som alltid er rettferdig, lat vreiden og harmen din venda seg bort frå byen din, Jerusalem, frå ditt heilage fjell! Fordi vi har synda og fedrane våre har handla ille, har Jerusalem og folket ditt vorte til spott for alle som bur omkring oss.
17 Høyr no, vår Gud! Din tenar bed og ropar om nåde. Lat ditt andlet lysa over den øydelagde heilagdomen din, for di eiga skuld, Herre.