24 Sytti veker er fastsettefor ditt folk og din heilage bytil å føra vondskapen til ende,til å gjera slutt på synda,til å sona skuldaog føra fram ei evig rettferd,til å stadfesta det profetane såg,og salva det høgheilage.
25 Du skal vita og skjøna: Frå ordet gjekk ut om at Jerusalem skulle gjenreisast og byggjast opp att, og til det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal det gå sju veker, og i sekstito veker skal byen stå der gjenreist og oppattbygd med gater og vollgraver. Men det skal vera ei tid full av trengsler.
26 Etter desse sekstito vekene skal den salva ryddast av vegen og bli borte.Byen og heilagdomen skal leggjast øydeav hæren til ein fyrste som kjem.Han skal enda sine dagar i ein flaum.Den fastsette øydeleggingaskal vara til krigen er slutt.
27 Éi veke skal han stadfesta ei pakt for mange,etter ei halv veke gjer han endepå slaktoffer og grødeoffer.På vengene til det motbydelegekjem han som øydelegg,heilt til utslettinga som er fastsett,strøymer ned over øydeleggjaren sjølv.»