3 Eg vende meg til Herren Gud for å søkja han med bøn og rop om nåde, for å fasta i sekk og oske.
4 Eg bad til Herren min Gud og vedkjende: «Å Herre, du store og skremmande Gud, som held pakta og viser miskunn mot dei som elskar deg og held dine bod!
5 Vi har synda, bore oss ille åt, gjort urett, vore trassige og vike av frå dine bod og dommar.
6 Vi har ikkje høyrt på tenarane dine, profetane, som tala i ditt namn til kongane våre, stormennene og fedrane og til alt folket i landet.
7 Di er rettferda, Herre, og vår er skamma. Slik er det i dag med Juda-mennene og dei som bur i Jerusalem og i heile Israel, både dei som er nær, og dei som er langt borte, i alle dei land du dreiv dei bort til, fordi dei hadde vore trulause mot deg.
8 Ja, Herre, oss tilhøyrer skamma, oss og kongane våre, stormennene og fedrane, for vi har synda mot deg.
9 Hos Herren vår Gud er miskunn og tilgjeving; vi har gjort opprør mot han.