1 Bodskapen som profeten Habakkuk fekk sjå.
2 Kor lenge, Herre, skal eg ropautan at du høyrer,skrika til deg om valdutan at du frelser?
3 Kvifor lèt du meg sjå urett?Korleis kan du sjå på ulukke?Herjing og vald like ved meg,det blir strid,det kjem til trette.
4 Difor er lova kraftlaus,og retten når aldri ut.For den urettferdige kringset den rettferdige,difor blir retten vrangsnudd.
5 Sjå på folkeslaga, sjå dykk om,forvirr dykk sjølve og ver forvirra!For i dykkar dagar gjer eg ei gjerning,de ville ikkje tru det om det vart fortalt!
6 Sjå, eg reiser opp kaldearane,det brutale og raske folkeslagetsom fer så vidt omkring på jordaog tek bustader som ikkje høyrer dei til.
7 Skremmande og fryktelege er dei,deira rett og heider kjem frå dei sjølve.