6 Sjå, eg reiser opp kaldearane,det brutale og raske folkeslagetsom fer så vidt omkring på jordaog tek bustader som ikkje høyrer dei til.
7 Skremmande og fryktelege er dei,deira rett og heider kjem frå dei sjølve.
8 Raskare enn leopardar er hestane deira,villare enn ulvar i øydemarka.Ryttarane deira jagar av stad,ryttarane kjem frå det fjerne,dei flyg som ørna på jakt etter føde.
9 Alle kjem dei og vil gjera valdsverk,dei rykkjer fram i flokk,dei samlar fangar som sand.
10 Dei gjer narr av kongarog gjer fyrstar til lått.Dei ler av kvar festning,kastar opp ein jordvoll og tek henne.
11 Så fer dei vidare og blir borte som vinden.Dei fører skuld over seg.Deira styrke er deira gud.
12 Er ikkje du frå gammal tid, Herre, min heilage Gud,du som aldri døyr! Herre, du har sett dei til å dømma,vårt berg, du har gjeve dei fullmakt til å straffa.