1 No vil eg stå på vakt,stilla meg på muren og speidaog sjå kva han vil seia til meg,kva svar eg får på mitt klagemål.
2 Herren svara meg:Skriv synet tydeleg på tavlerså det blir lett å lesa!
3 For synet ventar på si fastsette tid,det vitnar om enden, og det lyg ikkje.Om det dryger, så berre vent!For koma skal det, det kjem ikkje for seint!
4 Sjå, i han er det ei oppblåsen og uærleg sjel.Men den rettferdige skal leva ved sin truskap.
5 Sanneleg, vinen er trulaus.Den stolte skal ikkje nå sitt mål.Som dødsriket spilar han opp gapet,han er umettande som døden.Han samlar alle folkeslag hos seg,sankar saman alle folk.
6 Alle desse skal setja i med ei nidvise om han, med spottord og gåter. Dei skal seia:Ve den som skaffar seg rikdom som ikkje er hans– kor lenge? –og gjer seg rik på pantsett gods!