10 Til skam for ditt hus har du planlagtå gjera ende på mange folk;du set ditt eige liv på spel.
11 For steinen i muren skal ropa,og bjelken i treverket skal svara.
12 Ve den som byggjer ein by med blodog grunnlegg han med urett!
13 Sjå, dette kjem frå Herren over hærskarane:Det folka strevar for, går opp i logar,folkeslaga slit seg ut til inga nytte.
14 Jorda skal fyllast med kunnskapom Herrens herlegdomslik vatnet dekkjer havsens botn.
15 Ve den som skjenkjer sin neste,blandar gift i drikken og gjer han rusaså han kan sjå han naken.
16 Du blir mett av skam og ikkje av ære.Så drikk, du òg, og vis at du har forhud!Begeret i Herrens høgre handskal koma til deg,og di ære skal gøymast av skam.