3 For synet ventar på si fastsette tid,det vitnar om enden, og det lyg ikkje.Om det dryger, så berre vent!For koma skal det, det kjem ikkje for seint!
4 Sjå, i han er det ei oppblåsen og uærleg sjel.Men den rettferdige skal leva ved sin truskap.
5 Sanneleg, vinen er trulaus.Den stolte skal ikkje nå sitt mål.Som dødsriket spilar han opp gapet,han er umettande som døden.Han samlar alle folkeslag hos seg,sankar saman alle folk.
6 Alle desse skal setja i med ei nidvise om han, med spottord og gåter. Dei skal seia:Ve den som skaffar seg rikdom som ikkje er hans– kor lenge? –og gjer seg rik på pantsett gods!
7 Långjevarane dine reiser seg brått,dei som får deg til å skjelva, vaknar.Då skal du bli eit rov for dei.
8 For du har plyndra mange folkeslag;no skal resten av folka plyndra degtil gjengjeld for menneskeblodetog valden mot landet og byenog alle som bur der.
9 Ve den som skaffar seg urett vinning til sitt husog legg reiret sitt høgtfor å berga seg frå vondskaps hand!