3 Gud kjem frå Teman,Den heilage frå Paran-fjellet. SelaHans herlegdom dekkjer himmelen,og lovsong til han fyller jorda.
4 Lysglansen er som ein soloppgang,strålar går ut frå hans hand.Der er styrken hans løynd.
5 Føre han går pest,i hans fotefar følgjer sott.
6 Han stansar og rister jorda,han ser og får folkeslag til å skjelva.Gamle fjell blir knuste,eldgamle haugar sig i hop.Han går på gamle vegar.
7 Eg ser Kusjans telt ramma av ulukke,og teltdukane i Midjan skjelv.
8 Er du harm på elvane, Herre?Logar din vreide mot elvane?Er det havet du er harm pånår du rid fram på hestane dineog vognene dine gjev siger?
9 Du gjer bogen klarog legg pil etter pil på strengen. SelaDu kløyver jorda så elvar renn.